mandag 3. september 2012

Dikt


"Skuleplassen" er eit dikt av Olav H.Hauge(1908-1994).Hauge levde i Hardanger og var utdanna som gartnar. Naturen spelar ei viktig rolle i dikt hans.


Skuleplassen



Når klokka ringjer
for fyrste timen,
ligg skuleplassen att
som eit konkret dikt.

Tett trakk av gruppor
framfor inngangen
sakleg dryftande
månerakettar
og sekundar i St.Moritz.

Halvferdige snømenner
stend att
etter dei minste.

Rundt veggene far
etter einstødingar,
der stod han og ho.

På uthusveggen
ei spræne av snøballar,
ei knust rute på do,
yver døri til styraren
eit svivyrdsleg kast.

Bokstavar i snøen:
Solveig + Knut,
Åse + -- han rakk
å strjuka det ut.

Ute på plassen
bol etter slagsmål,
dropar av naseblod
og ein grøn vott.






Det verkar som diktet er om ein skuleplass.Forfattaren fortel korleis han ser skuleplassen. Han bruker spesielle ord som "St Moritz"(vintersportsarena i Sveits),"spræne"(sprut) og "svivyrdsleg" (skamlaus).
Diktet er i ubunden form. Det kan ein sjå ved at strofene har ikkje like mange verselinjer.